AiB: Gogol Bordello – Gypsy Punks: Underdog World Strike

Gogol Bordello – Gypsy Punks: Underdog World Strike

Tekst: Bjørn Tore Birkeland (Hentet fra arkivet til All in Black)

Dette er noko for den musikkelskaren som føler han har høyrt alt! Eugene Hutz er hjernen bak denne fantastiske galskapen. Hutz flykta frå Ukraina etter Tsjernbyl-katastrofen i 1986 og reiste i mange år frå land til land og asylmottak til asylmottak før han til slutt endte opp i New York. Her slo han seg etterkvart saman med eit skikkeleg motley crew av aust-europeiske og jødiske musikarar som spelte konsertar på ein bulgarsk restaurant. Omsider skrapte han saman eit band som han ga navnet Gogol Bordello, oppkalt etter den ukrainske nasjonaldiktateren Nikolai Gogol. I 2001 ga han ut ei sjølvtitulert plate, så to til i 2002 og nå fire år seinare er han tilbake med nokon gamle og nokon nye musikarar med dette nye og heilt fantastiske albumet – «Gypsy Punks: Underdog World Strike!»

For å gje dykk ein idé om kva slags musikk dette er, så tenk dykk dei sigøynarmusikantane som av og til står på Karl Johan og speler, bare skru opp tempo ein del hakk og gang ferdigheitane og entusiasmen med tusen! Hatz har ein av dei villaste stemmane eg har høyrt på langa og til tider høyrer det ut som det heilt har rabla for han. I tillegg har han med seg to eksilrussarar – Sergei Riabtsev på fiolin og Yuri Lemeshev (faktisk frå øya Sakhalin rett nord for Japan på trekkspel, tre israelarar – gitarist Oren Kaplan, bassist Rea Mochiach og saksofonist Ori Kaplan og sist men ikkje minst den einaste «eigentlege amerikanararen» Eliot Ferguson på trommer.

Denne gongen er plata «produsert» av Steve Albini og gitt ut av Side One Dummy (kor også eit anna «etnisk punkband» Flogging Molly høyrer heime) for å nå ut til eit enda større publikum. Men her lærer ein fort at slike ting som «eigentlege amerikanarar» ikkje fins. Hatz syng heller om nedbryting av grenser og kulturradikalisme – i beste sigøynerånd altså! Gogol Bordello gjer også eit poeng utav at dei ikkje er eit sigøynerband i tradisjonell forstand. Sigøynermusikken som sjanger har alltid teke inn i seg andre musikkstilar den har møtt på underveis.
Ja, å snakka om å halda ein sjanger «rein» blir i det heile tatt absurd og det totalt motsatte av å ha eit åpent syn på kultur.

Det er vanskeleg å plukka ut favorittsangar på ei plate som er så genial. Dessutan går visse parti igjen på fleire sangar på plata, slik at det ofte er litt vanskeleg å skilja ut kva som er aller best. Men, åpningssporet «Sally» slår an tonen på ein fantastisk måte, «I never wanna be young again» er så fengande at det er er umogleg å halda seg i ro, men skal eg plukka ut ein favoritt er det likevel den ganske rolege «Undestructable» (ja, eg veit. Det ordet fins ikkje i det engelske språket.) Denne sangen har ein fanstastisk melodi og ein rett og slett glimrande tekst som eg tek meg friheiten til å gje igjen i sin heilheit nede på sida. Det er rett og slett vakkert! Eg anbefaler denne plata til alle. Eller meir spesifikt om du vil, eg anbefaler den til alle punks som syns «Reinventing Axl Rose» var ei genial plate eller alle som liker Flogging Molly. Det at folkemusikk og punk passar glimrande saman er noko eg alltid har visst. Det er bare så gildt når nokon beviser det! Eg anbefaler denne plata til alle dei mange hundre tusen som har kjøpt Kaizers Orchestra. All ære til bryne-gjengen, men liker du aust-europeisk musikk i ein meir popularisert form, så er dette utruleg mykje bedre! Og til slutt så anbefaler eg den til alle som liker Geoff Berner og lurer på koss det hadde vore med eit band fullt av Geoff Berners – dette er det nærmaste du kjem! Nei, eg gjer ikkje anna enn å bøya meg i støvet for denne utgjevinga. Eg kan ikkje forstå anna enn at mange andre etterkvart vil gjera det same!

Undestructable

When I was younger I lived in fear
That incarceration of some kind is near
I checked my head in tact with rules
I nearly became a goddamn fool
But I’ve heard voices not in the head
Out in the air they called ahead
Through ripped out speakers
Through thick and thin
They found a shelter
Under my skin
How many darkest moments and traps
Still lay ahead of us
How many final frontiers
We gonna mount
And maybe no victory laps
But if you stepped on path of sacred art
and stuck it out through thick and thin
God knows you become one
With undestructable
And so no longer live I in fear
Them are too greedy to pay my asylum bills
This is my life and freedom is my profession
This is my mission throughout all flight duration
There is a core and it’s hardcore
All is hardcore when made with love
Love is a voice of a savage soul
This savage love is
Undestructable


Side One Dummy. Release: 4. august, 2005

Diskutèr All in Black i forumet.




Klikk her for å gå til forumet