AiB: Serena Maneesh – S/T
Serena Maneesh – S/T
Tekst: Bjørn Tore Birkeland (Hentet fra arkivet til All in Black)
Serena Maneesh er ute med ein fullengdar – noko eg trur kan bli ei svært populær plate denne hausten! Då eg såg Serena Maneesh live i sommar syns eg det var bra, men eg datt litt av lasset underveis. Men eg hadde likevel ein idé om at eg kunne lika det bedre når eg fekk høyra det på plate – og det hadde eg heilt rett i! Det fins mange stemningar i livet og alle har ein viss musikk som passar best til. Det er visse typar musikk eg liker best live, og visse typar eg liker best på plate. Eg merker med ein gong at dette er slik musikk som er heilt perfekt når ein ligg heime i senga og bare høyrer etter, eller når ein er ute og reiser og har musikken som soundtrack når verda reiser forbi vinduet.
Dette er ei flott plate. Som heilheit fungerer ho glimrande. Sangane er bygde mektig opp og glir vakkert over i kvarandre. Ein går gjennom heile spekteret frå det heilt rolege til det harde. Det er til tider lange svevande parti med – ja lyd, men det lagar ei fin stemning. Men plata har også fleire fine sangar som fungerer veldig bra enkeltståande. Mine favoritt er den flotte «Don’t come down here» og den veldig poppa «Sapphire Eyes.» Skal eg prøva og skildra musikken så er ikkje det så lett, men om ein lager eit skjeringspunkt mellom twee-pop, klassisk gitar-rock, noise-rock og art-punk så trur eg kanskje ein nærmer seg noko. Men når alt kjem til alt så meiner eg at Emil Nikolaisen har klart å laga sitt eige uttrykk. Ingenting er jo heilt nytt lenger, men det er langt i frå å vera kopiert til å vera inspirert av. Eg syns dette er ganske så originalt og fortener ros for det! Eg trur denne plata kjem til å ganske mykje på spelaren her på mørke haustkveldar, og eg kan ikkje forstå anna enn at dette må vera ei av dei mest interessante norske utgjevingane i år.
Honeymilk Records, Release: 29. august, 2005
Diskutèr All in Black i forumet.
Tags: All in Black, anmeldelse, arkiv, Bjørn Tore Birkeland, Serena Maneesh
Publisert: 09/03 - 2010

