AiB: Turboneger – Small Feces
Turboneger – Small Feces
Tekst: Magnus GB (Hentet fra arkivet til All in Black)
Bitzcore har gitt ut ein trippel cd med Turboneger materiale som er umulig å få tak i på lovlig vis til ein anstendig pris. Masse snadder for både fans og punkinteresserte med ellers anstrengt forhold til Momarkedbandet.
Eg må ikkje gi denne plata god omtale. Eg behøver faktisk ikkje å nevne den i heile tatt. Og lakeiane i akersgata driter garantert ein lang i denne utgivelsen. Men fakta er at den einaste måten du kan være sikker på å komma til Turbo himmelen når du dør, er å ha denne plata i nevane i det du kaster inn det store håndkleet. For det er om du har denne plata som avgjer om du er ein virkelig turbofan eller bare ein posør med pent brukt jakke. Du kan ikkje kalle deg turbofan og ikkje like desse samleplatene.
På tre plater har Bitzcore samla meir turbosnop enn dei har tilsammen på ein årskongress i NAMBLA. To av cdane er fylt med b-sider, sjeldne greier, uutgitte spor og cover av eit snes bra band. På den tredje cden er det masse gamle anmeldelsar og intervju i pdf-format, sortert etter årstal.
Dei 13 coversangane burde også interessere ikkje-fans. På dei to cdane er følgande band covra: MC5, Stooges, Leather Nun (svensk band), Black Flag, Rolling Stones, Kjøtt, Fear, Anal Babes, The Dicks, Manitoba’s Wild Kingdom (The Dictators sidekick), Cockney Rejects, Blå Tåget og David Bowie.
Den kulaste sangen er uten tvil versjonen av Black Flag sin Six Pack med psyko-banjo tett fulgt av The Party Starts Now av The Dictators sidekickbandet Manitoba’s Wild Kingdom. Personlig liker eg, som Ebba Grön fan, veldig godt Turbo sin versjon av Ebba Grön sin cover av Blå Tåget sin sang ”Staten og kapitalet”. Her får vi heile sangen og ikkje bare vokalsporet til Bingo, slik som på slutten av Never is Forever plata. Jeg Vil Bli Som Jesus av Kjøtt er også ein højdare. Men den beste sangen musikalsk sett er I Don’t Care About You av Fear. Fantastisk rett fram pønk. Med cover av så mange legendariske band skulle ein kanskje tru at Turbo sine eigne sangar var det som trakk ned inntrykket. Men det er heilt motsatt. Det er eit par av Turbo sine uutgitte sangar som står på repeat på mp3spelaren min. Ein heilt fantastisk sang er My Hometown. Eg kan ikkje fatte og begripe at den ikkje kom med på Ass Cobra. Den rager heilt der oppe med det beste: Denim Deamon, Destination Hell, Armed and Fairly Well Equipped, Get it On, The Ballad of Gerda and Tore, osv osv. Saman med Kick it Out og Let it Burn gjer den trippelplata verd kvar einaste krone. Andre bra sangar som må nevnast er Toodlepip Fuck og Screw and Tattooed.
Fun facts: I tillegg til musikken er det historiar, intervju og anmeldelsar nok til eit par dagars lesning og nettsøk. På cden kan du lese gamle intervju og anmeldelsar på norsk, engelsk, spansk, tysk og gresk(?). Det følger også med booklets til to av cdane der det står litt om dei fleste sangane. Historien bak dei, når dei blei spelt inn og kvifor dei ikkje blei utgitt. Du får også ein komplett diskografi som inkluderer alle obskure 7” i blad som ikkje finst lenger, osv osv. Eit par prominente turbofans/medarbeiderar skriver litt om bandet.
Dette er ei gullgruve av anekdoter, rykter og gode historiar. Eg kan bare gi deg eit par smakebitar.
Smakebit/funfact 1: På cden kan du kan lese ein absurd ”vittig”/ironisk anmeldelse av Turbloid 12” (frå ei blekka du er for ung til å kjenne igjen navnet på) som har presseskrivet trykt nederst på sida. ”Husker du egentlig hvordan det var å kjenne kukken din skli inn i rompa på fyren du traff på Chris Ericksen gigen på Renegat, den gangen du febrilsk prøvde å holde tritt med latterlige engelske trender, ”livstilspakker” som du ikke våget annet enn å følge?” osv osv.
Smakebit/funfact 2: I eit intervju i Puls i 90 står følgande å lese
”-Kan dere beskrive t.r.b.n.g.r i et nøtteskall?
Pål Erik: Vi var på vei til en spillejobb i Trondheim, og vi var alle sammen jævlig gira. Geir Nilsen fra Russian Amcar Club var sjåfør, og vi fikk ham til å svinge bilen frem å tilbake på veien på de mest øde strekningene. Så dukket plutselig en kongepuddel opp et godt stykke foran oss. Alle ropte ”Kill, Geir, kill kill!” Men hunden løp med ett ut i veien slik at vi kom til å kjøre over den. Resten av turen satt hele bussen helt stille med en klump i halsen og Beethovens niende symfoni på kasettspilleren. Det er Turboneger i et nøtteskall.”
Smakebit/funfact 3: Eller du kan i eit intervju i danske ”Moshable Magazine” lese:
”BN: Have you ever heard of Turbonegers private beer-game, The Rollins-game. You sit with a bunch of beers and put on Henry Rollins latest album and every time he says “Youuu” (pronounced in the typical muscled-up Rollins fashion) you have to drink a beer.
BiN: It’s a fast way to get really drunk.
BN: I think he says it like 34 times in the first song.”
Lars i Moshable skriver i eit intervju frå 92 at “Scandinavia could be the next Seattle with all the great bands around today”…
Smakebit/funfact 4: Den tyske utgaven av Hot Cars hette Helta Skelta og hadde artwork av Sirhan Sirhan som drepte Robert Kennedy, bror til president Kennedy.
Smakebit/funfact 5: I eit intervju med det spanske bladet Beat Generation frå 94 kan du lese om Turbo sin første USA turne. (Viss du kan spansk då.) Der forteller Happy Tom om då Pål Pot Pamparius blei grisebanka og måtte på sjukehus. Han sydde 22 sting etter å ha bli grisebanka av 170 kilos ”rap fans”. I bookleten kan du lese Peter Davis (”Your Flesh” magazine) sin versjon av den historien. Morsom lesning.
Smakebit/funfact 6: Slangebildet med Hank i Ass Cobra var inspirert av bildet av skuespelaren/modellen Natassja Kinski. (For øvrig datter til den tyske skuespelaren Klaus Kinski.) 16 år gammal blei hu elskaren til regissøren Roman Polanski… Bandet The Lewd har ein sang om Polanski, som blei berømt då han blei dømt for å ha hatt sex med ei 13 år gammal jente. Turbo har jo so kjent covra The Lewd sin sang Mobile home.
Smakebit/funfact 7: Trond Sættem (som laga dokumentaren om Turbo og som er vokalist i Diediedie) skriver at ein compilation kassett satt sammen av Happy Tom må ta skylda for å indirekte ha gitt ein del folk inspirasjon til å bli sraight edge. Kjøp plata for å lese resten… ![]()
Smakebit/funfact 8: Les eit gammalt intervju med Euroboy i studentavisa Universitas.
Diskutèr All in Black i forumet.
Kategori: Category Anmeldelser
Tags: All in Black, anmeldelse, arkiv, deathpunk, Magnus GB, Turboneger
Publisert: 09/03 - 2010

