AiB: TOAMOL – Tragedy of a Mind Once Lost
TOAMOL – Tragedy of a Mind Once Lost
Tekst: Magnus GB (Hentet fra arkivet til All in Black)
TOAMOL sin første 7” tar opp og fører vidare arva etter dei norske HeartFirst hardcore banda frå 90 talet. Bandet som består av tidligare medlemmer av Alltid Jaget, Kort Prosess og Statens Menn har eindel forventingar å leve opp til. Og fallhøyden er dertil stor. Men til dei som ennå ikkje har kjøpt den dobble 7” kan eg sei at TOAMOL har klart ein perfekt balanse mellom å ta med seg det beste frå dei gamle banda og det å lage ei ny greie.
Vi snakker fremdels hardcore. Hardcore av mettal typen. Det er som før kjapt, intenst og mørkt, men lyd bildet er forandra. Det er ikkje så skittent, og enkeltinstrumenta og detaljane trer tydeligare fram. Produksjonen er mindre grumsete og meir kontant. Det finst kanskje puristar der ute som meiner at grumset var halve poenget. Eg er uenig og liker godt lyden på denne plata. Dess meir kontant lyd, dess meir brutalt.
Ei annan nokså tydelig forskjell er at vokalen ligger lenger bak i lydbildet enn vi er vant til. Vokalen har blitt litt meir brutal og raspande. Og litt seigare. Litt meir grind sjølv om du ennå kan kjenne den igjen likeheten med Alltid Jaget. Tekstane er like dystre som før. Sangen ”Once lost” kan nesten lesast som ei oppsumering av dei tema som denne delen av norsk hardcore har konsentrert seg om: ”Six walls / four squares that keep it all / once built underground / to hide that massive sound / once lost now found, to blast those angry minds / it tears your soul apart / it burns your flesh and heart / dying”.
Mine soleklare favorittsangar er dei på C sida: Newborn og Suffocate. Eg liker godt dei meir meditative partia av Suffocate. Dei med vokalen som stiger og synker på ein måte eg er sikker på at skrik høyres ut ein dårlig ettermiddag i helvete. Det beste sangen er likevel Suffocate. Den varer knapt eit minutt og leverer beinkjør frå første akkord. I denne sangen er det meste
perfekt. Vokalen, perfekt rytmeseksjon, kongeriff og ein fantastisk backingvokal. Må høyrast!
Eg kan ikkje anmelde denne utgivelsen uten å nevne coveret. Eg digger coveret. Det er eit ”brett ut” cover, med tekstane trykka på sjølve coveret. (Eg var aldri ein fan av ”lause ark i ein pose” konseptet.) Enkelte vil kanskje savne dei håndtegna blekkene, og ikkje eit vondt ord om dei, men dei føles uten tvil litt meir proft med god trykk og reint design. Det eg liker spesielt
godt er framsida med det abstrakte motivet. Det er mulig det bare er meg som kicker på dette, sidan eg er over gjennomsnittet interessert i komposisjon av bilder og maleri, men dei små kryssa er ein genistrek. Dei både framhever og rammer inn dei flytande bitane i bildet. Dei rammer inn ved å lage eit mønster, men uten å lage ein definert firkant. Samtidig framhever dei det abstrakte og flytande i flekkane ved å antyde eit rutenett som resten ”flyter mot”. Men eg skal ikkje plage deg, tolmodige lesar, med betraktingar av ein wannabe kunstkritikar.
Coveret er for øvrig laga av Robin som også laga Kort Prosess sine cover.
Heilt til slutt må eg anbefale ein anmeldelse av ein TOAMOL konsert i lokalavisa i Skien. Journalisten blei åpenbart tatt litt på senga av sceneshowet… Han har nok ikkje heilt kontrollen på sjangeren, men det er jo bra han anmelder det som skjer! ![]()
(Ein stor takk til Stian for rask levering av plata!)
HeartFirst Records Release: Juli 05
Diskutèr All in Black i forumet.
Kategori: Category Anmeldelser
Tags: All in Black, anmeldelse, arkiv, Magnus GB, TOAMOL, VFHC
Publisert: 09/03 - 2010

